• Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

  • Jun 2 2022
  • Duração: 57 minutos
  • Podcast

Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

  • Sumário

  • Gunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet.


    – Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein.

    Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig.


    Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det».


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.


    Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.


    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos

O que os ouvintes dizem sobre Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

Nota média dos ouvintes. Apenas ouvintes que tiverem escutado o título podem escrever avaliações.

Avaliações - Selecione as abas abaixo para mudar a fonte das avaliações.