Episódios

  • Siste episode: Konfronterte næringsministeren i Ålesund
    May 4 2023

    Næringsminister Jan Christian Vestre la fram maritim eksportstrategi i Ålesund. Næringsforeningen Ålesundregionen er misfornøgd med at det ikkje vart høve til å kome med kritiske innspel og spørsmål frå salen. I det minste fekk journalistane nokre minutt med ministeren. Høyr Sunnmørspostens intervju med Vestre her, samt reaksjonar på det han sa.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    12 minutos
  • Debattspesial: Torskeoppdrett
    Feb 1 2023

    Etter gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.

    Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gi Norge eit nytt bein å stå på.

    Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møter Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    29 minutos
  • Inseanergy og Havkraft: energi frå sjøen
    Oct 12 2022

    Vi treng meir fornybar kraft, men energiutbygging er ikkje konfliktfritt. Kva med bølgekraft og solceller til sjøs? Dette er to grøne alternativ som hittil berre har vore på teststadiet. Vil gründerane slå gjennom eller er dei i realiteten dømt til å bli verande dvergar? Geir Arne Solheim (Havkraft) og Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) jobbar jamt og trutt og har framgang å vise til. Møt dei i denne episoden av Mar.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.


    Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.


    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    36 minutos
  • Atomkraft-debatt
    Sep 22 2022

    Med Putin, krig, klimaendringar og høge prisar står Norge og Europa i ei energikrise. No ropar mange på meir atomkraft som botemiddel. Korleis bør vi i Norge stille oss til atomkraft-utbygging?


    Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU i Ålesund møter energipolitisk rådgjevar Bror Eskil Heiret i Natur og Ungdom til debatt.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.

    Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    36 minutos
  • Avento og NTNU slår alarm: stor mangel på IT-folk
    Aug 24 2022

    Torill Standal Eliassen frå Avento, Rune Volden frå NTNU og student Henrik Bråthen gjestar Mar. Norge manglar 40.000 datautviklarar. Kva konsekvensar har det for næringslivet? Og kva må gjerast?


    Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med næringslivet på Nordvestlandet. «Mar» betyr hav på fleire språk og har same språklege opphav som «Møre».


    Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad.

    Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    33 minutos
  • Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering
    Jun 2 2022

    Gunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet.


    – Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein.

    Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig.


    Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det».


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.


    Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.


    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    57 minutos
  • Godt vaksen arbeidskraft på dynga?
    May 19 2022

    Torill Fure (58) har søkt anslagsvis 240 jobbar dei siste åtte åra. Ho har berre vorte kalla inn til fire intervju, fortel ho. 

    Er det for vanskeleg for dei på over 50 å få seg ny jobb og kvifor er det i så fall slik? Kva kan samfunnet vinne på å utnytte seniorane sitt potensial betre?

    Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal lever av å få folk ut i jobb. Ho brenn særleg for dei godt vaksne arbeidstakarane. 


    Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein epost til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    30 minutos
  • Sunnmørsk IT-gründer om sine ukrainske kolleger
    May 5 2022

    Tøffare sanksjonar, europeisk avhengigheit av russisk olje og gass, og russisk tilgang til norske hamnar: medan relasjonane til Russland vert heftig debattert, høyrer vi lite om våre ukrainske forretningsforbindelsar. Ikkje mange veit at Ukraina har ein stor og spennande IT-industri med norske kundar.

    Med oss i denne episoden har vi to som på kvar sin måte kjenner Ukraina godt. IT-gründer Håvard Notøy samarbeider gjennom selskapet sitt Fostech med ukrainske Program-Ace.


    Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med det lokale næringslivet. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Sidan oktober 2021 har dei fleste episodane vore gjort som videoproduksjonar. Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Exibir mais Exibir menos
    32 minutos